Ei cer - Ei vise om EUs tredje energipakke

Publisert av Ola 12.03.2018

KlassekampenFra Klassekampen.no - lørdag 10.3.2018

Grovt sagt | Velaug Hobbelstad Sælid

Fritt etter Bjørn Eidsvåg

Acer, du er så trøytt,
Men du kan ikkje råde over
Straumen.
Vi vil lage han sjølv,
Og du må lage egen.
Du må lage egen.

Acer, du vil gå opp,
i korleis vi skal bruke vatna våre.
Du må halde deg vekk,
For vi vil drukna med deg.
Vi vil drukna med deg.

Acer, du er nok redd,
Men eg kan ikkje svelge Barth
Eide for deg.
Du må smaka han sjølv,
Men eg vil sukra han for deg.
Vil sukra pilla for deg.

Acer, du har det vondt,
Men eg kan ikkje grina vassdraga
For deg.
Du må fylle dei sjølv.
For mine renn snart over.
Mine renn snart over.

Acer, eg blir heilt matt,
For eg kan ikkje endra Grunnlova
For deg.
Du må endra deg sjølv.
Så eg kan vere med på deg.
Eg kan vere med på deg.

Acer, du er så spent,
Men eg kan ikkje gje deg større
Ladning.
Du må vere positiv sjølv.
For eg er berre negativ.
Eg er berre negativ.

Acer, du gret ein skvett,
Men eg kan ikkje tørke tårane for
Deg.
Eg har vind og regn,
Som eg kan blåse på deg.
Eg kan blåse på deg.

Acer, du har visst kraft,
men eg kan ikkje bruke krefter på
Deg.
Eg vil ha dei sjølv.
Men du kan få litt gasskraft.
Eg har mykje gasskraft.

Acer, du er så tett,
Men eg kan ikkje legge kablane for
Deg.
Du må legga dei sjølv.
Og eg vil tørke opp etter deg.
Eg vil tørke opp etter deg.

Acer, du er til bry,
Men eg kan ikkje gje deg
garantiar.
Du vil selje dei ut.
Og eg krev arvesølvet.
Eg krev arvesølvet.

Acer, du er så traust,
Og eg kan ikkje gjera narr av deg
Meir.
Du må skjerpa deg sjølv.
For eg vil ikkje ha deg.
Eg vil ikkje ha deg.