Får ikkje tid til å gå på do

Publisert av Ola 27.04.2018

unibussAnniken C. Mohr (foto)
Klassekampen: Anne Kari Hinna (tekst) og Anniken C. Mohr (foto)

VARSKU: For bussjåfør Åge Vissmark er tidsjaget så stort at dobesøk blir eit problem. Ein ny rapport om HMS-utfordringar for aleinearbeidarar gir grunn til uro, seier LO.

Sidan 1972 har Åge Vissmark køyrt buss. Den erfarne bussjåføren har eit bredt smil under den store barten, men fortel at livet som bussjåfør ikkje er som det ein gong var.

– Det er blitt noko heilt anna. Me kunne strekka på beina, telja over hjula og ta skikkelege matpausar, fortel han.

– Så det er blitt travlare?

– Heilt jævleg. Anbodsdritten har øydelagt heile næringa, seier han.

– Kva gjer du viss du verkeleg må på do, stoppar du bussen og tar ein tur i skogen?

– Då seier eg: Beklagar, men eg må. Folk forstår det. Det har vore prekært mange gongar, seier han.

Fleire HMS-utfordringar
Vissmark er ikkje aleine om å ha det så travelt at det går ut over dobesøk og matpausar. Det viser rapporten «Arbeidstakere som jobber aleine. HMS-utfordringer i fem forbund», som forskingsstiftinga Fafo publiserer i dag.

Rapporten har undersøkt omfanget av aleinearbeid i helse- og omsorgssektoren, industrien, transportsektoren og varehandelen, blant medlemmar i fem LO-forbund.

- 51 prosent svarar at dei jobbar aleine over halvparten av tida eller meir.
- 27 prosent svarar at dei jobbar aleine nær heile tida.
Dette er ein vesentleg større del enn omfanget av aleinearbeid i arbeidslivet generelt, der delen i 2016 var på 16 prosent, ifølge Statistisk sentralbyrå.

«Alt i alt gir undersøkelsen et inntrykk av at de fysiske utfordringene samt redsel for uønskede hendelser og risiko for skade og ulykke er betydelige HMS-utfordringer knyttet til alenearbeid blant medlemmer i de aktuelle forbundene», blir det konkludert.

I alle dei fem forbunda er det ein betydeleg del som ønsker meir kontakt med kollegaar.

Det kjem også fram at ein betydeleg del av dei som jobbar aleine, kjenner seg einsame.

Dagens Klassekampen